Agnes Ravatn klar med sjølvhjelpsbok; «Operasjon sjølvdisiplin»

Operasjon sjølvdisiplinOperasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit.

Sjekkar du Facebook på mobilen mens du les godnatthistorier for ungane? Har du konsentrasjonsvanskar og manglande impulskontroll? Ikkje-eksisterande treningsvanar og eit kosthald lagt opp etter innfallsmetoden? Då er denne boka for deg!

Mangel på sjølvdisiplin er eit problem stadig fleire merkar på kropp og sinn. Slik var det òg for forfattar Agnes Ravatn, som i mange år var ein kronisk utsetjande internettslave, med frynsete livsstil og altfor høg kvilepuls. Heilt til ho bestemte seg for å ta eit grep. Resultatet er ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll.

Operasjon sjølvdisiplin passar like godt for studentar og folk i kontoryrke, som for deg som har vondt for å knyte på deg joggeskoa, eller har ein hang til å småete.

Agnes Ravatn (f. 1983) debuterte med romanen Veke 53 (2007). Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. For Veke 53 (2007) fekk Ravatn Natt & Dags Bergenspris for beste bok i 2007. Ravatns andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt
Karin Helgøy
Informasjonssjef
k.helgoy@samlaget.no
+ 47 97019865

,